«Fleirspråklegheit er ein viktig ressurs for samfunnet og den enkelte». Språk opnar stadig nye dører. Samfunnet i dag er avhengig av at vi har god kapasitet til å delta i internasjonale samanhengar. Gode språkferdigheitar lønnas også for den einskilde. Men korleis påverkar fleirspråklegheit det norske språket vårt?

Verda i dag har mange globale problem, og det krev at heile verda står saman for å løyse dessa oppgåvene. Det kravar at Noreg har menneskar med gode kunnskapar om språk slik at vi også kan utrykkje oss i ulike samanhengar. Engelsk og andre språk er ein veldig viktig ressurs for Noreg, fordi vi har ein betydelig faktor innan oljeindustri. Noreg treng gode ferdighetar for å klare seg internasjonalt. Det er ikkje bare engelsk som er sentralt, språk som spansk, fransk, tysk, russisk og kinesisk er også viktige språk. Det er ikkje berre i samanhengar med globale problem Noreg trengar gode engelsk kunnskapar, men også i samanhengar med handel, industri, internasjonale forbindelsar og muligheita til og utrykkje oss til resten av verda.
Den einskilde treng også gode engelskkunnskapar. Nordmenn er kjende for å reise rundt i verda på ferie, på grunn av dette er det viktig å ha engelsken på plass. Ein kan snakke og bli kjend med nye folkegrupper og lære mykje av dei. Frå åttande klasse lærar norske barn eit fremmendspråk, dette er enten spansk, tysk eller fransk. Desse språka er særs viktige å halde på. Viss ein kan spansk ganske godt, kan ein reise til heile Latin-Amerika, Spania og fleire land og gjere seg forstått. Det er heilt klart ein utruleg god eigenskap å kunne fleire språk.
Noreg står overfor ein stor utfordring. Engelsk har alt for stor innverknad på det norske språket vårt. Det er innverknad frå media, tv, internett og sosiale mediar som tærer på det norske språket. Vi i Noreg lider av domenetap. Vi erstattar norske ord med engelske låneord. Dette har pågått lenge og vi har til og med tatt inn nokon av orda inn i ordboka vår. Dette er ord som «bikini, bacon, bag, pub,». Det norske språkrådet har prøvd å fornorske dei engelske orda utan suksess. Noreg tar inn fleire og fleire ord, og det er ungdommen som blir mest påverka. Om du overhøyrer ein samtale mellom to ungdommar kan du kome over ord som «random, chill, skills, fuck, damn». Nokon ord blir berre i språket i ein kort periode,mens andre heng igjen.
Det er heller ikkje berre engelsk, ord frå arabisk og tyrkisk har også ein innverknad. Kebabnorsk har eksistert lenge og har blitt i språket. Kebabnorsk brukas av innvandrarar som bur i Noreg, men det er ikkje berre dei som snakkar kebabnorsk. Etniske norske ungdommar har begynt å snakke kebabnorsk. Dette har berre ein stor betyding, vi i Noreg blir veldig lett påverka.
Noreg har alltid vore flink på å bevare sin eigen kultur. Språk er ein stor del av kulturen, og vi nordmenn er stolte over kulturen vår. At vi styrkar engelsken og fleirspråklegheita i Noreg vil ikkje bety at vi kjem til å slutte å prate norsk. Nokre ord kan vi ikkje forhindra kjem inn i språket vårt, sia det er ungdommen som blir mest påverka. Ansvaret er opp til regjeringa og språkrådet, det er dei som må ta gjere noko med dette. Viss norsken blir styrka samtidig som vi styrkar engelsken, kjem vi ikkje til å lide av domenetap i så stor grad. Språket forandrar seg kvar dag, difor er det usikkert om korleis det kjem til å verte i framtida.
Fleirspråklegheit er absolutt ein stor ressurs for Noreg, både i internasjonale samanhengar og til den einskilde. Vi har ein stor muligheit til å utrykkje oss til resten av verda og vere med i globale diskusjonar. Den einskilde har kapasitet til å reise til forskjellige land og lære mykje om andre kulturar og folkegrupper. Språk opnar nye dørar.